Totalt utførte Redningsselskapet 134 oppdrag i Møre og Romsdal mellom 1. mai og 1. september i 2023, noko som er ein nedgang på 25 prosent samanlikna med i fjor.

I same periode blei det utført 344 oppdrag i Vestland, noko som er ein auke på seks prosent samanlikna med i fjor.

– Trendforskjellane i dei to fylka kan handle om det varierande vêret i sommar – når det er dårleg vêr er færre ute på båt og det blir færre oppdrag. Men årsakene kan òg handle om tilfelle, seier Markus Plementas, presseansvarleg i Redningsselskapet.

Totalt vart det utført 3541 oppdrag i perioden over heile landet. Dei fleste av oppdraga i sommar har vore i Vestfold og Telemark, etterfølgt av Viken.

Tradisjonelt sett er sommaren ein periode med stort trykk på sjøen. Dette er høgsesong for fritidsbåtar, noko som kjem fram i statistikken.

Framdriftshavari er den klart største enkeltårsaka til at folk og fartøy treng assistanse og hjelp på sjøen. Dei siste åra har det òg vore ei tydeleg auke i talet på båtar som går på grunn. Denne trenden heldt også fram denne sommaren.

Når det gjeld talet på alvorlege hendingane på sjøen, såkalla SAR-hendingar, så var det 36 slike oppdrag i sommar mot 30 i same periode i fjor. Det svarer til ein auke på 20 prosent.

(©NPK)