Fleire unge på Sunnmøre bestiller syntetisk cannabis på internett og får det levert heim i postkassa. Det skriv nernett.no.

Sindre Ryssevik ved Ålesund politikammer jobbar med saker som omhandlar organisert kriminalitet, og seier til nettavisa at politiet i Ålesund har vel 700 saker relatert til narkotika i året, der 50 av dei er relatert til syntetisk cannabis. Dei har merka ei auke dei siste åra.

– Politiets inntrykk er at det gjerne er dei yngre brukarane som benyttar syntetisk cannabis. Vi tar brukarar heilt ned i 17-årsalderen, seier han.

Han fortel til nernett.no at det er nettsider som sel stoffet, der ein kan bestille det og få det sendt heim.

Ein 22 år gammal mann frå Nord-Trøndelag døydde tidlegare i år etter bruk av syntetisk cannabis. Ifølgje rustelefonen.no har syntetiske cannabinoider langt sterkare verknader enn naturlege cannabisprodukter som hasj og marihuana. Det dukka opp på marknaden under namnet «Spice» på midten av 2000-talet, og ei rekke skadeverknader som hjarteinfarkt, panikkanfall og akutte psykosar har blitt rapportert.