Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i sitt møte måndag at service og samferdsel i den vidaregåande skulen på søre Sunnmøre skal ligge i Ulsteinvik.

Dei har vidare vedteke at bygg- og anleggsteknikk skal samlast i Ørsta og dei har vedteke at restaurant og matfag skal ligge i Herøy. Alle desse vedtaka vart gjort med stort fleirtal.

Herøy er mest fornøgd med vedtaket, for dei sit at med det faget dei helst ville ha, som er matfag for land og sjø - og utgangspunktet var å ikkje få noko.

Meir frå fylkespolitikken måndag:Sa nei til niqab i skulenJa til tre ferjer på Hareid-SulesundNytt skritt på veg mot Spjelkavik-hall

Men rektor Roger A. Fylling i Ørsta seier at dette betyr at elevane frå indre Sunnmøre ikkje vil reise til matfag i Fosnavåg og elevane frå ytre søre vil ikkje reise til anleggslinja i Ørsta. På grunn av reiseavstanden har alle med dette fått mindre variasjon, meiner han.