For Eiksundsambandet er einvegskøyrt og går til Ulstein om ein berre ser på auken i talet på pendlarar.

Folk frå ytre, søre heiv seg ikkje i bilen og begynte som pendlarar fordi Eiksundsambandet vart bygd. Berre 32 fleire pendlar innover no enn for ti år sidan.

Den andre vegen er auken derimot langt større. 250 fleire pendlar frå indre til ytre – men nesten alle pendlar til Ulstein. Ulstein merkjer seg også ut når ein ser på alle pendlarstraumane internt på Søre Sunnmøre og til Søre Sunnmøre. Dei fleste av dei største straumane handlar om Ulstein. Og også om ein ser på vekst i  pendlinga, så handlar det i hovudsak om Ulstein.

- Ser ein på arbeidsplassar, så er det Ulstein som er byen, seier Knut Vareide, forskar ved Telemarksforsking og som analyserte Eiksund- og Kvivsregionen i fjor.

Godt over 2000 bilar i døgnet

Trafikken gjennom Eiksundsambandet er no to og ein halv gong større enn den var med ferja over fjorden. Døgntrafikken er no på vel 2000 bilar.

Dersom kvar pendlar reiser åleine i bilen, så utgjer auka pendling ein vekst på rundt 600 bilar. Auken i flypassasjerar frå Hovden har vore eksplosiv og mesteparten av desse kjem frå ytre. Dersom også alle flyplassasjerane kjem i kvar sin bil, så betyr det rundt 350 fleire bilar gjennom tunnelen kvart døgn.

Då blir det igjen ein «rest» i auken på rundt 300 bilar som er alt frå køyring til jobb og studiar på høgskulen, «fest- og fritidskøyring» og køyring av bedrifter som har utvida arbeidsmarknaden sin til å gjelde begge sider av Eiksundsambandet.

Håper på endå større vekst

Dagleg leiar i Eiksundsambandet, Svein Nærø, kan sjå tilbake på ei bratt vekstkurve.

- Men det er interessant å sjå at den første opningshelga hadde vi rundt 3.000 bilar gjennom sambandet. Det same ser vi enkelte kvardagar no.

Gratis-køyring med nysgjerrige førstegongspasserande laga rekordhøge tal for døgntrafikken første helga, men dette eraltså  tal som no er innhenta av vanleg og betalt køyring.

- Og berre i år har vi seks prosent auke. Eg er spent på kva som skjer når det blir gratis. Eg håper vi kanskje kan sjå ti prosent auke.