Fortvil ikkje, ta turen ut likevel!

Slik lyder tipset frå Friluftsrådet for Ålesund og omland til folket på Nordvestlandet. Friluftsrådeter eit interkommunalt samarbeidsorgan for kommunane Giske,Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Sula, Vestnes, Ørskog og Ålesund.

Dei har sett saman ei liste over tips til påsketurar i sine medlemskommunar som ein kan leggje ut på for fine naturopplevingar i høgtida som kjem.

Giske: Skjonghellaren på Valderøya

Turen startar påValdervoll, idrettsplassen ved Ytterland der det er parkering. Fin grusa turvegsom går langs nordsida av Valderøya. Sti opp til Skjonghellaren.Informasjonstavle der stien startar. Kvilebenkar langs turvegen. Flott utsiktut i havet. Fleire moglegheiter for å ta turen opp på fjellet eller ta medsykkel og ta turen rundt Valderøya.

Sula: Vassetvatnet rundt

Flott turveg rundtVassetvatnet i Langevåg. Parkering ved LIL-Tun/idrettsplassen. Turen rundt Vassetvatnet er kupert og ca 2km lang. Fine leik- ogkvileplassar på nordsida av vatnet. Moglegheit for å ta VON-løypa opp påSulafjellet eller ta turen på stiar inn i Veddemarka.

Ålesund: Tueneset

Her kan ein kombinere eitbesøk på Atlanterhavsparken med ein tur omkring på turvegar og stiar rundt om ifriluftsområde. Tek du med sykkel kan ein og ta turen Heissa rundt. Ta gjerneein avstikkar opp på Sukkertoppen og.

Haram: Bjørnøya kystfort

Kystfort frå andreverdskrig. Bjørnøya finn ein ved å køyre til Søvika. På veg ut motHildrestranda går det veg over til Bjørnøya. Parkering m/informasjon ved denraude løda du kjem til. Turveg utover mot kystfortet. Stiar omkring i område.Flott og spennande område der ein og finn gravhaugar. Andre turmål i nærleikener turvegen på Hildrestranda, Hamnsundhellearen og Gamlemsveten.

Vestnes: Kråkneset friluftsområde

Flott sentrumsnærtfriluftsområde på Helland, kommunesenteret i Vestnes. Parker gjerne i sentrumog ta turvegen som startar ved Shell og går langsmed sjøkanten innoverFlatevågen. Flott skogkledd nes med toalett, bålplassar, gapahuk. Andre turmåli nærleiken er Hellandsetra, båten eller ta sykkelen Flatevågen rundt.

Ørskog: Elvastien

Kort men flott turveg fråkyrkja på Sjøholt og langs med elva. Fleire fine kvileplassar, bålplassar medmeir. Andre turmål i område er Osberget nedafor kyrkja, Den TrondhjemskePostvei og Gausneset med Skråvika friluftsområde. Det går og sti vidare oppoverlangs elva.

Skodje: Mauren

Friluftsområde iTaftasundet i Skodje kommune. Ein kjem dit anten ved å ta turen innoverEllingsøya eller utover frå Stette. Parkeringsplassar på begge sider av vegen.Turvegar, fine stader for opphald og eit flott område for fritidsfiske. Andreturomål i nærleiken er Myklebusthornet på Ellingsøya eller Støråkfjellet vedStette.

Stordal: Stordalselva

Ta turen på stien fråbåthamna i sentrum og langs elva oppover dalen. Fint lite opphaldsområde nedeved småbåthamna. Ta gjerne runden bygda rundt med turen langs elva somutgangspunkt. Andre turmål i nærleiken er Mosetra med start frå Mo (der vegentek av til Overøye) og ikkje minst Overøye-område.

Norddal: Bedringens Veg

Bedringens Veg startarved brua over elva i kommunesenteret til Norddal kommune. Dette er ein flottliten turveg langs elva der ein kan gå attende ved å ta vegen opp til venstrader turvegen sluttar og gå gjennom byggefeltet ned att ved Muri Camping. Andreflotte turmål finn ein på Klovsetra, i Fjørå og lenger oppe i Valldalen. Tekein turen opp til Valldal skule kan ein gå langs vegen der Heilag Olav for i sitid.