Verken Molde, Ålesund eller Kristiansund er attraktive nok for kvinner. Regionen slit også med å trekkje til seg unge vaksne.

– Vi tek no eit krafttak for å utvikle attraktive sentrum og meir urbane byar, seier Kjersti Hasselø, rådgjevar i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Ho er prosjektleiar for det 5-årige prosjektet «Byen som regional motor». Målet er å utvikle byane til å bli attraktive, urbane sentra. Fokuset vil vere å skape attraktive bysentrum, kompetansemiljø og utdanning, samferdsel og kollektivsatsing. Unge kvinner og menn, særleg dei høgt utdanna, vel bort Møre og Romsdal til fordel for Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim.

– Unge kvinner og unge vaksne vil ha bysentrum med meir urbane kvalitetar. Det syner kor viktig det er å utvikle byane våre og satse på byutvikling, seier Hasselø. I haust er det avspark for dette byutviklingsprosjektet.