Bakgrunnen er nye kostnadsoverslag frå Vegdirektoratet om kva ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim, der Hafast er ein del av prosjektet, vil koste.

Berre gjennom Møre og Romsdal vil ferjefri E39 ifølgje nye kostnadsoverslag kome på 120 milliardar kroner. Ei bruløysing mellom Hareid og Sula vil koste 38 milliardar kroner.Etter at dei nye kostnadsoverslaga vart offentleggjorde, har stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta bede samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avklare om han står fast på E39 langs vedteken trasé.

Les også: Nye sjokktall for HafastLes også: Krever E39-svar etter prissjokk

Varselbjeller ringjer

Dette får varselbjellene til å ringje i hovudet til stortingsrepresentant Oskar Grimstad, og det trass i at Fredric Holen Bjørdal overfor Sunnmørsposten forsikrar om at han ikkje er ute etter nokon omkamp om trasévalet.

Fredrik Holen Bjørdal meiner det er viktig å få avklart om regjeringa står fast på at prosjektet skal gjennomførast, i lys av nye tal frå Vegdirektoratet som viser at vegprosjektet vert mykje dyrare enn det som er lagt til grunn.

Bakgrunn: Hafast kan være tjent inn på tre årHafast-leiar: – Ikkje så dyrt med Hafast likevelSintef-tall: Prissjokk for Hafast

Usikker framtid

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad fryktar at dersom Arbeidarpartiet gjer eit godt val i 2017, kan det bety at Hafast går ei usikker framtid i møte.

– Eg fryktar at eit godt Ap-val om to år kan setje Hafast i spel, seier Grimstad og legg til:

– Husk at næringslivsleiarar innan den maritime klyngja gong på gong har understreka kor viktig det er å få knytt ytre søre Sunnmøre, der mange av dei store maritime bedriftene ligg, til ålesundsregionen. Eit fastlandssamband vil vere heilt avgjerande for framtida til denne industrien og vil styrkje konkurransekrafta, seier han.

Arbeidsplassar

Skulle i verste fall Hafast ikkje verte bygd, fryktar Oskar Grimstad at det kan bety tap av arbeidsplassar i den maritime næringa.

Oskar Grimstad seier seg samd med stortingsrepresentant Helge Orten (H) om at ein i denne omgang må prioritere fjordkryssingar, og om nødvendig vente med fire felts-veg til seinare.

Kontaktar statsråden

– Kva gjer du konkret for å sikre at Hafast vert bygt, Oskar Grimstad?

– Eg vil med det første ta direkte kontakt med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) for å få forsikringar om at planarbeidet held fram og at ferjefri E39 får dei pengane til planlegging som er nødvendig.

Grimstad er klar over at å byggje vegar, bruer og undersjøiske tunnelar er svært kostbart. Han tolkar dei nye tala frå Vegdirektoratet dithen at dei ynskjer å ta så godt i at dei skal vere sikre på at det ikkje kjem overskridingar.

– Men eg trur dei har lagt inn altfor store marginar, seier han.

- Nedbetalt på rekordtid

Skulle det likevel vise seg at ei bruløsying frå Hareid til Sula kjem til å koste 38 milliardar kroner, minner Grimstad om at dette likevel berre er tre fjerdedelar av kva den maritime næringa omset på eit år.

– Eg trur Hafast kjem til å verte ein suksess og at sambandet vil verte nedbetalt på rekordtid, seier Grimstad.

– Fryktar du også at Arbeidarpartiet kan førebu omkamp når det gjeld sjukehuset for Nordmøre og Romsdal?

– Nei, det gjer eg faktisk ikkje. Hadde Ap vore ukomfortabel med plasseringa på Hjelset, ville det har vorte stilt mistillit mot helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

– Ap held fast på Hafast

Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal Arbeiderparti seier dei står fast på vedtaket i fylkestinget om at Hafast skal vere den fjordkryssinga ein skal velje for framtidig ferjefri E39.

– Vi har nyleg hatt fylkesårsmøtet, og alternativ fjordkryssing var ikkje tema der. Det er heller ikkje starta nokon prosess i Møre og Romsdal Arbeiderparti med tanke på å velje Fefast i staden for Hafast, forsikrar fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen.

Ikkje omkamp

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) forsikrar at hans parti ikkje tek omkamp på allereie vedtekne traséar langs framtidig ferjefri E39.

– Grunnen til at eg har bede samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avklare om han står fast på E39 langs vedteken trase, er at Framstegspartiet i regjering ikkje klarer å levere. Eg ynskjer svar på om dei kan garantere at ferjefri E39 vert realisert, sjølv om vegprosjektet vert dyrare enn først rekna med, forklarar han.

Fredric Holen Bjørdal minner om at då Framstegspartiet var i opposisjon, var det ikkje måte på kor mykje pengar dei hadde til vegbygging og kor fort bomstasjonane skulle rivast.

– Når partiet så kom i regjering, fekk vi sjå ein heilt annan røyndom, seier han.

Skivebom

Fredric Holen Bjørdal tykkjer utspelet frå stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp), som fryktar at Arbeidarpartiet bur seg på omkamp om Hafast, er meir som ein skivebom å rekne.

– Oskar Grimstad driv med tåkelegging og fråskriving av ansvar. Dette er krampetrekningar i lys av dei svært dårlege meiningsmålingane som partiet har om dagen. Framstegspartiet prøver å vri seg bort frå ansvar, seier Fredric Holen Bjørdal.

Han minner om at det var Arbeidarpartiet i regjering som lanserte ferjefri E39, og seier også at Arbeidarpartiet har som mål at ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim skal realiserast.

E39 frå Volda til Ålesund vil koste 64 milliarder kroner. Brua mellom Hareid og Sulesund har fått ein ny pris på svimlande 38 milliarder kroner.
Fylkesleiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti, Per Vidar Kjølmoen, forsikrar om at partiet held fast på Hafast. Foto: Kjell Herskedal