Aase Bolstad driv Frisklivssentralen i Skodje som vart oppretta for to år sidan. Tysdag kan eit vedtak i formannskapet bidra til å gjere ho arbeidsledig.

I framlegget til møtet vert det føreslått å leggje ned sentralen som hjelp folk i kommunen med rådgiving og endring av levevaner innanfor kosthald, fysisk aktivitet, tobakk og meistring av depresjon.

– Folkehelsearbeid er eit satsingsområde nasjonalt og internasjonalt, og kommunen skriv jo sjølv at det er viktig for samhandlingsreforma. Førebyggjande arbeid er avgjerande i høve å handtere framtidig «eldrebølge» og ulike livsstilssjukdommar. Difor synest eg det er bak mål at ein vurderer å avvikle sentralen, seier regionleiar Ann-Elin Myklebust i Norsk Fysioterapeutforbund.

Følg smp.no på Facebook

Må spare

Det er estimert ei besparing på 444.000 kroner ved å avvikle Frisklivssentralen i Skodje. Det er snakk om stillinga til Aase Bolstad.

– Tilbodet har fått gode tilbakemeldingar frå folk i kommunen. Over 100 personar har vore med, og fleire har meldt om gode resultat sidan første påmelding i november 2012. Det er kanskje ei innsparing på kort sikt, men ikkje dersom ein ser samfunnsøkonomisk på det på lang sikt, seier Bolstad til smp.no.

Ho viser til Helse- og omsorgsdepartementet sin rettleiar kor det mellom anna står at ein kan forvente eit tap på 15-25 leveår med god livskvalitet for ein person som er fysisk inaktiv, røyker og er overvektig.

– Ved å framme fysisk aktivitet og førebyggje røyking og overvekt vil et økonomisk anslag på velferdsgevinsten vere på 7,5-12,5 mill. kroner for kvar person som unngår dette. I tillegg kjem sparte kostnader for helsevesenet, produksjonsgevinster ved lågare sjukefråvær og uføretrygding, heiter det vidare.

- Skyt seg sjølv i foten

Regionleiar Myklebust i fysioterapeutforbundet meiner at Skodje kommune skyt seg sjølv i foten om dei no finn på å leggje ned sentralen.

– Kommunen bygg ned eit tilbod som vil gje ringverknader for befolkninga, meiner Myklebust.

Ifølgje Bolstad på Frisklivssentralen er det vanskeleg å måle førebyggjande arbeid i kroner og øre. Likevel er ho trygg på at tilbakemeldingane frå brukarar viser behovet for sentralen.

– Eg kunne jobba 300 prosent om eg ville. Det er ca. 20 deltakarar på basetilbodet for dei som vil kome i gang med endring av livsstil. Fleire har klart å slutte med røyk. Andre har god treningsframgang og fått betra psykisk helse, kosthald og mindre smerter, seier Bolstad.

Samstundes forstår ho kommunen som slit økonomisk.

– Eg meiner det er tragisk at det ikkje kjem ei krone i øyremerkte kroner frå staten når det er ei offentleg satsing, seier Bolstad.

Fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Skjermar tenester

Ei prosjektgruppe har teke for seg helseeininga i kommunen med om lag 20 årsverk, og komen fram til forslaget. Samstundes foreslår dei å fjerne delar av ei stilling som bioingeniør ved legekontoret, noko som gir ei innsparing på 280.000 kroner.

Innanfor jordmor-, psykiatri- og fysioterapitenesta, meiner gruppa det ikkje bør kuttast meir.

Gruppa erkjenner at å kutte frisklivssentralen kan føre til at kommunen ikkje når sine mål i det førebyggjande arbeidet, og at det kan medføre meirarbeid for helsestasjonen og psykiatritenesta.

Les saksdokumentet til møtet her (ekstern lenke)

Fryktar økonomisk krise

Det høyrer óg med til bildet at formannskapet til same møte har ei sak på bordet som omhandlar den generelle økonomiske ståa i Skodje.

Den viser at det er behov for tøffe tak for å nå måla om eit overskot på tre prosent av drifta i 2017. Administrasjonen vil i møtet orientere om den vidare strategien for korleis ei kan nå dette. I saksdokumentet vert det innleiingsvis påpeika at situasjonen er alvorleg:

– Dersom vi ikkje snarleg gjer nødvendige grep, vil dette utvikle seg til ei økonomisk krise for kommunen, heiter det.