Hurtigruten ASA bør betale passasjeravgift og anløpsavgift på lik line med dei mange cruiseskipa som kvar sommar kjem til Geiranger, meiner Stranda Hamnevesen KF.

- Nei, meiner Hurtigrutene, og seier at skipa deira ikkje er cruiseskip, og at dei ikkje mottek tenester frå Stranda Hamnevesen.

Tysdag starta rettssaka i Sunnmøre tingrett, der Stranda Hamnevesen KF har stemna Hurtigruten ASA, med krav om at dei skal betale nærare tre millionar kroner i ubetalte rekningar. Hurtigruten leverte eit motkrav på nærare 750.000 kroner for det dei meiner å ha betalt for mykje.

- Avgiftene vart endra før 2012-sesongen. Når Hurtigruten heldt fram med å gå til Geiranger, så aksepterte reiarlaget dei nye satsane, meiner Lennart Garnes frå Steenstrup og Stordrange DA, advokat for Stranda Hamnevesen.

- Nei, det gjorde dei slett ikkje. Dessutan er ikkje hurtigruteskipa cruiseskip. Hurtigruten sine skip anløper ikkje Geiranger, dei går inn fjorden - som kommunen for øvrig ikkje eig – og seiler så forbi, meiner Mats E. Sæther i Nordisk Legal Services, advokat for Hurtigrutene ASA.

Les fyldigare sak frå rettssaka i papirutgåva av Sunnmørsposten onsdag.