Utrykningspolitiet beslagla onsdag kveld og og natt til torsdag seks førarkort i to fartskontrollar på Ytre Søre Sunnmøre.

Første kontrollen vart gjennmført på Nautøya i Herøy mellom klokka 19.45 og 21.15. Åtte bilførarar vart stoppa med for høg fart. Fem av dei helt ikkje høgare enn at dei fekk sakene sine oppgjorde på staden med forenkla forelegg.

Men tre førarer slapp ikkje så lett. Førarkorta vart beslaglagde og dei vil få eit endeleg oppgjer med påtaleapparatet seinare. Den eine av dei dei heldt 121 km/t i gjennom politiets kontroll i 80-sona.

Seinare på kvelden og fram til godt og vel midnatt vart det gjennomørt ein ny kontoll i 60-sona på Garnes i Ulstein.

Her vart det 10 førarar som vart vina inn til stopp-posten med for høg fart. Tre av dei hadde så høg fart at førarkorta vart beslaglagde - ein av dei var heilt opp 108 km/t då politiet stoppa han.

Dei sju andre fekk oppgjort sine saker på staden med såkalla forenkla forelegg.