Så seint som i mars var den brutale dommen til veljarane at Ap ikkje var best på noko som helst. Men no har stemninga snudd, viser ei ny undersøking frå Norstat for Aftenposten.

I undersøkinga meiner veljarane at Ap har den beste politikken på eldreomsorg, sosiale forskjellar i samfunnet og barne- og familiepolitikk. Altså på tre av dei 12 ulike politiske områda veljarane er spurde om.

– Desse tala ser ikkje så verst ut for Ap, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

– Det er veldig viktig for dei å ha sakseigarskap på saker som er viktige for veljarane i valet, seier Bergh til avisa.

Men sjølv om Arbeidarpartiet har framgang sidan i vår, er det likevel Høgre som kjem best frå også denne målinga.

Veljarane meiner dei har best politikk på sju av dei 13 ulike politikkområda i undersøkinga, nemleg økonomi og arbeidsliv; forsvar og tryggleik; skatt og avgifter; skule og utdanning; helse; samferdsel, og energi og straum.

(©NPK)