Sjølv om det er for tidleg å seie heilt sikkert kven som kan smykke seg med det beste vêret på nasjonaldagen, er det likevel nokre landsdelar som har langt betre prognosar enn andre.

– 17. mai-vêret er ikkje det enklaste å spå, men det er størst sannsyn for opphald i Vestland og Trøndelag. Det blir stort sett greie temperaturar her, og det kan til og med bli rundt 20 grader viss sola kikkar fram, seier vakthavande meteorolog Eldbjørg Moxnes til NTB.

Store forskjellar på aust og vest

Førebels er det meldt opptil 20 grader og strålande sol i Bergen. Verre er det med Austlandet og dei nordlege delane av landet.

– Austlandet er usikkert. Her kan bli lågtrykk, men dette kan også ha passert. Det kan bli alt frå 13 grader og regn til 20 grader og sol. Vêret i nord på 17. mai er også usikkert. Her kan det komme kald luft og nedbør i form av sludd, men det kan også vere at det har passert. Regn kan komme mange stadar, men ingenting er sikkert enno, seier Moxnes.

Det ligg an til å bli opphald og varmt dei fleste stadene på Austlandet på dagen, men uvissa rår.

Vårvêr til helga

Sør i landet blir det generelt varmt, tørt og skya fram til laurdag. Nord-Noreg får temperaturar frå rundt 7 til 13 grader, med enkelte regnbyer.

– Vêret til helga ser bra ut. Det kjem eit høgtrykk over landet som held lågtrykket på avstand. Det blir varme temperaturar og typisk maivêr. Best blir det i sør, men det kan komme eit lågtrykk nordfrå laurdag kveld som kan føre til nedbør.

Ingen stor fare for skogbrann

Det er sendt ut gult farevarsel for skogbrann i Trøndelag og på Austlandet lengst søraust.

– Farevarselet gjeld for gras- og lyngbrann gjennom helga på grunn av lite nedbør. Dette gjeld delar av Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland. Spreidd nedbør kan vere nok til å ta knekken på faren. Det er ikkje tørke langt ned i skogbotnen, men i kvister og gras som ligg igjen frå i fjor. Ny vegetasjon hjelper også på, så det skal ikkje mykje til for å få fukt på bakken, forklarer Moxnes.

(©NPK)