I 1971 fekk Einar Gerhardsen den fyrste Peer Gynt-prisen. Denne helga er Edvard og May-Britt Moser på Vinstra for ta i mot prisen, som dei fyrste sunnmøringane.

- Vi synest det er så stort å få denne prisen. Å stå på lista saman med folk vi respekterer og ser opp til, er spesielt for oss. Ein kan jo bli starstruck av mindre, seier May-Britt Moser.

Gjort Norge kjend

Og Moser legg til:

- At Stortinget også ser at forskning er noko som kan fremje Norge i utlandet, er vi glade for. Når vi er ute på konferansar, føler vi at vi er representantar for heimlandet, så det er kanskje ikkje så unaturleg.

Prisen skal gå til ein institusjon eller person som har markert seg, og som har gjort Norge kjend i utlandet.

Ein nominasjonskomite med Olemic Thommessen, Astrid Sæther ved Senter for Ibsenstudier, tidlegare vinnarar Knut Vollebæk og Hanne Krogh, samt ordførar i Nord-Fron, Olav Røssum, har site i nominasjonskomiteen, medan det kvart år er stortingsrepresentantane som avgjer kven vinnaren skal vere.

Fyrste forskarane

Ekteparet Moser har tidlegare uttalt at vitskapen er ein fantastisk metodikk for å handtere draumar, nysgjerrigheit, og utforskning. Men dei håpar at folk ser på dei som meir jordnære enn kva Peer Gynt er og var.

Nobelprisvinnarane er dei fyrste forskarane som vinn Peer Gynt-prisen som i stor grad har vorte gjeve til idrettsutøvarar, musikarar, kulturpersonlegheiter og politikarar.

Røter i Gudbrandsdalen

Det seiast at då Henrik Ibsen var på skriveferd oppover Gudbrandsdalen, så var det nettopp på Vinstra han fekk høyre om ein lokal eventyrar og skikkelse, Peder Olsen Hågå, som vart inspirasjonen til karakteren Peer Gynt. Denne karen budde på garden Hågå, og det er her pressekonferansen for Peer Gynt-prisen under årets stemne finn stad.

- Eg har nett fått vite at slekta mi kan ha hatt røter her i Gudbrandsdalen, og det gjorde at eg føler meg litt heime her. Eg er vel strengt tatt meir eit sjø-, enn eit fjell- og dalmenneske, men det er utruleg flott her oppe, meiner May-Britt Moser.

Seinare fredag vert sjølve prisen delt ut i amfiet ved Gålåvatnet.

Rottedans og og glade vinnarar

I amfiet ved Gålåvatnet dansa rottene for ekteparet. Dei hadde laga eit revystykke der dei spelte på hukommelse og dei ulike celletypane som vart forska på i forkant av nobelprisen.  Stortingsrepresentant Marit Arnstad delte ut prisen til forskarar ho kjende frå før. Gjennom rolla si som styreleiar på NTNU har ho fulgt ekteparet i frå 2006.

- Vi er utruleg glad for jobben dei har gjort. Eg veit at prisen er fortent.

Då dei fekk prisen i hendene måtte, May-Britt be om at Edvard tok seg av snakkinga.

- Det fyrste som slo meg fyrst var at eg ikkje heilt skjønte kva vi fekk prisen for. Peer hadde jo ikkje berre gode sider, men etter kvart skjønte eg det. Han var visjonær, ein gründer, eg vil seie ein ekte sunnmøring! Forskning er å ta risiko, tenkje langsiktig, satse alt. Det har vi fått moglegheiten til gjennom Forskningsrådet og ressursane vi har fått frå Stortinget til disposisjon. Forskning er internasjonalt og ein fredsbyggjar. Vi samarbeider over alle landegrenser. No ser vi framover og omsetje teorien til å hjelpe folk. Noko av det fyrste vi kan hjelpe med kan vere Alzheimer.