Regionlensmann for Nordfjord, Tormod Hvattum, stadfestar overfor Fjordenes Tidende at eit foreldrepar i ytre Nordfjord har meld rektoren og ein lærar ved ein barneskule i til politiet.

Etterforskinga har ikkje starta

Dei meiner at barnet deira har blitt mobba, og at skulen ikkje har gjort nok for å rydde opp.

Sjølve etterforskinga har ikkje starta enno, og lensmannen vil førebels ikkje gå ut med detaljar kring saka.

Fjordenes Tidende hevdar å vere kjend med at foreldra meiner at mobbinga av har føregått i fleire år, og dei skal ha teke det opp med skolen ved fleire høve.

Fordi skulen ikkje har gjort nok, har barnet deira hatt ei vond og vanskeleg tid.

Kommune fekk mobbebot

Det er ikkje lenge sidan Høyanger kommune i same fylke vedtok ei bot på 100.000 kroner for ikkje å ha stoppa mobbing av ein elev ved Høyanger skule.

Hvattum ønskjer ikkje å seie korleis politiet vil gjennomføre etterforskinga, men stadfestar at sentrale personar vil bli avhøyrde. Det er førebels ikkje kjend kva for skule og kommune det gjeld.