Kvinna som vart påkøyrd av ein ung syklist på Nordre Vartdal i Ørsta tirsdag kveld, døydde onsdag, av skadane ho fekk.

Det opplyser Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding.

Truffen av ung syklist

Det var på fylkesvegen på Nordre-Vartdal tysdag 3. desember at den kvinnelege fotgjengaren i 50-åra vart påkøyrd av ein ung syklist. Ulykka fann stad ca. klokka 17.30.

Kvinna vart hardt skadd og luftambulansen henta ho og flaug til St. Olav Hospital i Trondheim. Onsdag 4. desember opplyste dei frå St. Olav Hospital at kvinna var alvorleg skadd. Seinare på onsdag klokka 17.30 fekk politiet melding om at kvinna døydde som fylgje av hovudskadane ho fekk.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre her

Gjekk i lag med andre

- Politiet kom til staden etter uhellet og har etterforska saka på vanleg måte. Så langt er det klart at kvinna var i fylgje med to andre på tur framover i dalen, og dei var komne fram til Årskog. Syklisten var på veg nedover, då han køyrde på kvinna som fall i asfalten. Det var mørkt på staden og dårleg vêr, heiter det i pressemeldinga.

Dei som står tettast involvert i hendinga har fått tilbod om støtte frå det kommunale omsorgsapparatet i Ørsta.

Politiet vil førebels ikkje frigi namnet på den omkomne.

Gjer som 18.500 andre: følg smp.no på Facebook du også