Tredje byggjesteg omfattar mellom anna ny Ljøtunnel. Ljøtunnelen vert 3.600 meter, og Streketunnelen 3.850 meter.

– Stadfestinga frå regjeringa på at pengane kjem på fireårsplanen frå 2014–2017 betyr at fylket no kan lyse ut anbodet, og at arbeidet kan starte allereie utpå nyåret, seier ein stolt stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Arbeidet på tunnelopninga er allereie ute på anbod, no står arbeidet på sjølve tunnelen for tur.

– Pengane kjem frå rassikringsposten i Nasjonal Transportplan som gjeld frå 2010. Denne potten fekk vi auka frå 330 millionar årleg til ein milliard, ein kjempesiger i seg sjølv, seier Klinge.

Det har vore spenning knytt til dette tredje trinnet, og det er fantastisk at regjeringa kjem med denne stadfestinga allereie no, meiner ho.

Les meir om prosjektet her (Statens vegvesen)

– Det gjer at vi får kontinuitet i arbeidet. Av dei mest rasutsette fylkesvegane er dette den mest trafikkerte. Å rassikre denne strekninga er utruleg viktig for folk, som fryktar både for eiga og ungane si helse, seier Klinge.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no