Han seier at tilsette ved skulen har hatt møte med studentrepresentantar tidligare måndag for å snakke om korleis dei skal handtere situasjonen.

– Studentane tek vare på kvarandre, og skulen har opplyst at vi står til disposisjon om det er noko spesielt dei ønskjer hjelp med, seier Roppen.

Rektoren fortel at politiet ikkje har kome med oppmodingar om at studentane bør ta spesielle forholdsreglar med tanke på at det kan opphalde seg ein ukjend gjerningsperson i lokalmiljøet.

– Vi håpar sjølvsagt at denne personen blir teke så raskt som råd, seier Roppen.

For mange av studentane er det samstundes midt i eksamenstida.