Dette skriv fylkesrådmannen til møtet i utdanningsutvalet 7. april.

Han foreslår å kutte VG3 påbygging til generell studiekompetanse ved Haram vidaregåande i Brattvåg. Berre tre ungdommar med rett søkte denne utdanninga, men med to søkjarar utan rett og nokre sekundærsøkjarar er det til saman fem søkjarar til denne utdanninga som han vil ha bort.

Ingen søkte primært Herøy vidaregåande i Vanylven VG2 industriteknologi og rådmannen vil leggje ned dette småskalatilbodet.

Åtvarar

Det same vil han gjere med Stranda vidaregåande  VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag som hadde ingen primærsøkjarar.

Det er vidare foreslått å leggje ned tre tilbod i VG2 i Kristiansund, eitt VG3-tilbod ved Romsdal på Molde, VG2 køyretøy ved Rauma og VG 1 helse- og oppvektsfag på Tingvoll. På Tingvoll foregår ei jakt på ungdomsøkjarar som vert kopla opp til det såkalla bulyst-prosjektet, men rådmannen åtvarar mot slikt.

- Søkjer av omsyn til skulen

Etter at det vart kjent at skuletilbod stod i fare, har elevar valt å søkje desse faga likevel. Fylkesrådmannen har fått vite at elevar som har gjort dette gjer det av omsyn til lærarar som står i fare for å misse arbeidet.

- Det er uheldig dersom ungdom ikkje søkjer på det dei har lyst til sjølve, men fordi dei føler at dei må ta ansvar for tilsette ved skulen eller andre søkjarar, skriv fylkesrådmannen som, synest det er viktig at innsatsen for å få nok søkjarar foregår før fristen går ut og ikkje etter når dei ser at for få har søkt ymse tilbod som kjem i fare.