Riksveg 15 ved Deknepollen i Vågsøy vart forvandla til det reinaste sildebordet måndag kveld, melder Fjordenes Tidende.

Følg smp.no på Facebook

Dørene på ein semitrailer opna seg like før klokka 22, og ut strøymde sild i store mengder. Ifølgje avisa var det ti kar med filetert sild som enda i vegbana.

Ingen personar eller køyretøy vart skadd, og politiet skal måndag ha teke laust for å sørgje for at silda vart fjerna frå vegen.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no