Kommunestyret i Skodje har onsdag kveld bestemt seg for at dei både vil forhandle med regionkommune Sunnmøre og om ein landkommune utan Ålesund.

- Når det gjeld forhandlingar med regionkommunen var vedtaket samrøystes. Det var det ikkje når det gjeld forhandlingar om ein landkommune: Dette vart vedtatt med 12 mot ni røyster fortel Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord (H).

- Det vart også bestemt å gjere nokre mindre justeringar i innstillinga frå formannskapet når det gjeld dette med å kunne trekkje seg frå forhandlingane. Dette er det kommunestyret, og ikkje formannskapet, som skal behandle, legg han til.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Ordføraren gir vidare uttrykk for at han synest debatten kring saka i kommunestyret var både sakleg og klarleggjande.

- Prega av usemje og av det ein ønskjer som sluttresultat, sjølvsagt, men eg synest likevel at synspunkta til dei ulike fraksjonane kom greitt fram, seier han.

For at Skodje skulle nå å melde inn kven dei ønskjer å forhandle med innan utgangen av januar, slik fylkesmannen har sett som frist, vart det bestemt å vente med endeleg utforming av dei ulike forhandlingspunkta til eit nytt møte, førstkommande måndag.

- Slik held vi oss til fristen, men får også betre tid til å drøfte kva som er viktig - og forankre forhandlingspunkta breiast mogleg i kommunestyret, seier Tennfjord.

Les også: Skodje går for Ålesund