I ei oversikt over gjennomsnittsfarta på vegnettet mellom dei største byane i Noreg ligg gjennomsnittet på 68,5 km/t. Til samanlikning leiar Frankrike statistikken med ei snittfart på 105 km/t. I Sverige og Danmark er gjennomsnittshastigheita høvesvis 87,9 km/t og 91,1 km/t.

– Dette viser at vi ikkje har lykkast med å avvikle ein stykkevis og delt utbygging av hovudvegnettet. Vi evnar ikkje å ta ut dei store gevinstane ved å byggje ut eit effektivt stamvegnett, det er dårleg politikk for folk, næringsliv og ikkje minst for klima og naturen, seier fagsjef i Opplysingsrådet for veitrafikken (OFV), Rikard Gaarder Knutsen.

Samanlikna med dei andre landa i undersøkinga er Noreg av dei landa som investerer mest i veg- og transportsektoren, med nesten 40 milliardar investert årleg. OFV meiner den samla nytta av motorvegutbygginga mellom dei største byane må kome på plass raskare, og at vegprosjekta må byggjast samla og samanhengande. Om lag éin prosent av det norske vegnettet er motorvegnett.

(©NPK)