Skiftande vêr er vel noko dei fleste av oss har blitt vande med i sommar. Og sjølv om Mette Skjerdal ved Vervarslinga på Vestlandet nok gjerne skulle kome med betre nyhende, kan ho iallefall love eit par fine dagar denne veka. Men først må vi gjennom nokre kraftige regnbyger.

- På nordvestlandet er det venta kraftige byger og uttrykk for torevêr tysdag, fortel ho.

Det er spesielt tysdag ettermiddag regnbygene aukar på, før det blir litt lettare om kvelden.

- Det blæs også ein sørvestlig vind, men den også vil minke utover dagen, seier ho.

Torsdag og fredag blir best

Onsdag vil det ifølgje meteorologen blåse mindre, og med skiftande skydekke vil vi kunne få periodar med sol i nordvest.

- Det blir stort sett opphaldsvêr onsdag, seier Skjerdal.

Torsdag er vi så heldige å få inn ein høgtrykksrygg frå sør, som kan gi opp mot tjue grader.

- Både torsdag og fredag ser ut som dei beste dagene denne veka dersom ein har tenkt seg ut, seier Skjerdal.

Høgtrykksryggen er ikkje noko som blir verande. Laurdag er det nemleg venta meir nedbør igjen.

- Det ser ut som om det er på'an igjen med hyppige vêrskifter i helga, seier ho.