Statens vegvesen har starta med SMS-varsling når fylkvesveg 40 i Dalsfjorden i Volda blir stengt grunna skred eller skredfare, melder Statens vegvesen.

Dalsfjorden er ein av stadane i Møre og Romsdal der folk kan bli isolerte når vegen vert stengt. Tenesta skal gi informasjon direkte til dei som ønskjer det når vegen blir stengt eller er planlagt stengt grunna skred eller skredfare, og når vegen opnar igjen.

Frå før har Statens vegvesen SMS-varsling for fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal.

Statens vegvesen opplyser at tenesta er gratis.

Påmelding: DALSFJORDEN START til 2252.Dei som ikkje vil abonnere men sjekke status: DALSFJORDEN STATUS til 2252.

- Vi har veldig gode erfaringar med SMS-varsling frå Eidsdal-Geiranger. Der har vi om lag 200 abonnentar på ein veg det køyrer om lag 300 køyretøy i døgnet på vinterstid, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen