- Elbil er omdøypt til bru-bil her på Vikebukt no, seier Bjørnar Frisvoll, ein av dei mange elbil-eigarane, til Bygdebladet. Det var dei som først omtalte saka.

Når avisa spør om hjelp til å samle eit knippe slike eigarar går det ikkje lange tida før åtte melder at dei kan stille – etter sigande rundt halvparten av elbilparken i nærområdet.

Les også: Hektisk innspurt for Tresfjordbrua

Boom

- No er dette ei veke sidan, og eg trur faktisk talet har auka litt, seier ein annan av elbil-eigarane, Roger Vikås, til Sunnmørsposten.

- Det er mykje pengar å spare i forhold til dette, og vi har sagt vi skal gjere opp status ein månad etter bruopninga. Eg tippar talet har kome opp rundt 25. I ei bygd som saman med Daugstad har rundt 400 innbyggarar, seier han.

Les også: Statsminister Erna Solberg åpner Tresfjordbrua

Oljearbeidar med elbil

Som oljearbeidar i Nordsjøen fortel Vikås vidare at han måtte spørje sjefane om det var greitt, før han gjekk til innkjøp av ein heilt ny Tesla.

- Saman kom vi til at det var greitt sidan vi jobbar med plugging av tomme oljebrønnar, humarar han.

- Dessutan har eg to andre bilar som går på diesel. Eg var forresten på verkstad med den eine av dei - ein BMW, i Molde nyleg. Der kunne forhandlaren fortelje at han skulle levere to i3-ar (elbilar, journ. merk.) på Vikebukt/Tresfjord før fredag, seier Vikås.

Les også: Så mye må du betale på Tresfjordbrua

Sjølv blir han borte under opninga av brua førstkommande laurdag.

- Eg reiser ut att på jobb. Akkurat no driv vi med plugging av ein brønn på Heimdal-plattforma. Feiringa av brua må difor vente for min del. Men eg tek det att. Med elbil kan eg jo køyre gratis att og fram så mykje eg orkar.