– Så mange som mogleg må bli invitert til å seie meininga si om korleis denne skulen skal sjå ut. Dette blir ein heilt ny bydel. Skal skulen bli lik Jugendstilen, eller skal det vere noko heilt nytt? spør byggjesjef Per Olaf Skuseth Brækkan i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Han vil gjerne involvere byen i den arkitektkonkurransen som må kome i forkant av utbygginga.Vedtaket om å leggje Ålesund vidaregåande skule til Sørsida legg også føringar for skulestrukturen og fordeling av fag mellom dei fire vidaregåande skulane i byen.

Med ein kongressal og kommunal kulturskole, ligg det til rette for at musikk, dans og drama kan bli flytta frå Fagerlia vidaregåande skole. Dei marine faga skal vere i Fagerlia, men fylkespolitikarane vil ha på bordet kva det vil koste at også denne utdanninga blir lagt sjønært på Sørsida.Med fylkespolitikarane sitt samstemte ja til å samarbeide om storhall i Spjelkavik, ligg det til rette for at idrettsfaga blir lagt dit.