Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) køyrer sololøp i kommuneforhandlingane, meiner Høgre-politikar Ewa Hildre. No er ho redd for at ordførarens forhandlingstaktikk er til hinder for ei kommunesamanslåing, skriv avisa Nordre.

Fredag var ti kommunar samla for andre gong. Haram-ordføraren brakte då Hamnsundsambandet på bana.

– Å foreslå Hamnsundsambandet så tidleg er uhøyrd, og det kan torpedere vidare samarbeid, seier Hildre til lokalavisa.

Frå forhandlingane refererer ho også at Krogsæter har meint det kunne vere naturleg for indre delar av Haram å slå seg i lag med Skodje.Her meiner Ewa Hildre at Haram-ordføraren tar initiativ på vegner av seg sjølv, ikkje heile forhandlingsgruppa i kommunen.

Haram-ordføraren meiner han har rett til å ta opp saker på eige initiativ.

– Målet mitt er å framforhandle ein avtale som er best mogleg for Haram, seier Krogsæter til avisa.

Kommunane har frist på seg i løpet av våren 2016 til å fatte vedtak om samanslåing.