– Først når Hamnsundsambandet er på plass, vil Nordøyvegen vere komplett, seier han.

Dagen etter det historiske vedtaket i fylkestinget om å byggje Nordøyvegen, seier ordføraren i Giske at han verkeleg gler seg på vegner av innbyggjarane i Haram.

Han veit inderleg godt korleis det var å vere avhengig av ferje for å kome seg til fastlandet.

Fekk vekst

Ordføraren i Giske er ikkje i tvil om at mesteparten av den veksten som hans eigen kommune har hatt dei siste tiåra, har kome som ein konsekvens av at kommunen vart knytt til Ålesund gjennom to undersjøiske tunnelar. Fastlandssambandet vart ein suksess bortsett frå det reint finansielle.

Negativt bilete

På slutten av 1980-talet var renta skyhøg, og Knut Støbakk meiner at høg rente i kombinasjon med finanskrise skapte eit negativt bilete av og skepsis mot slike kostbare fastlandssamband. Det tok tid å riste dette av seg.

– Eg trur ikkje eit einaste menneske i vår kommune vil tilbake til tida før 1987 då ein var avhengig av ferje for å kome seg til Ålesund. Det kan nok tenkjast at ein og annan vert gripen av nostalgiske tankar om trivelege ferjeturar til og frå Ålesund. Men går ein desse nærare på klinga, er det vel slik at dei ikkje ynskjer seg tilbake til ferjetida, trur Knut Støbakk.

Må velje Kverve

Når det gjeld dei ulike alternativa for Hamnsundsambandet, ser ordføraren i Giske det slik at tunnelen må ende på Kverve.

– Å føre vegen dit vil rett nok verte ein god del dyrare enn til Ytterland der det er grunnare og dermed også rimelegare å byggje. Ulempa med Ytterland-alternativet sett med mine auga, er at reisande frå Ålesund må gjennom to tunnelar før dei kjem inn på Hamnsundsambandet, seier Støbakk.

Han argumenterer også med at rundt 90 prosent av dei reisande gjennom Hamnsundsambandet frå Haram truleg skal til Ålesund sentrum, Moa eller til sjukehuset og berre 10 prosent til flyplassen.

– Derfor må Kverve-alternativet må veljast, seier han.

Hastar mest

Både Hamnsundsambandet AS og Bytunnelen AS vert drive fram i regi av Aalesunds Handelsforening, men med den forskjell at kommunane Ålesund, Haram og Giske er deltakarar i det første. I begge tilfella er det snakk om privatfinansiering og nedbetaling gjennom bompengar.

– Sett med mine auge hastar det mest å få Hamnsundsambandet på plass. Bytunnelen er mest aktuell i samband med realisering av Hafast, seier han.

Adm.dir. Kjell Sandli i Aalesunds Handelsforening, som er dagleg leiar for Bytunnelen AS, Hamnsundsambandet AS, Hareid Fastlandssamband AS (Hafast) og Aksla Parkering, og i tillegg er styremedlem i Eksportvegen AS og varamedlem til styret i Møreaksen, ser det slik at fylkestingets ja til Nordøyvegen, kan gje Hamnsundsambandet ein skubb vidare framover.

Hand i hanske

– Ingen tvil om at dei to vegprosjekta passar som hand i hanske. Og det er ikkje noko konkurranseforhold mellom dei to prosjekta, seier han.

Det gjenstår eitt års planlegging før Kjell Sandli vågar å seie noko om trafikkgrunnlag og kostnad.

– Vi deler planarbeidet inn i to faser, og konsentrerer oss i første omgang om geologi, trafikk, natur og miljø, fortel han.

Det gjenstår tre-fire alternativ, nemleg frå veg frå Hamnsund via Store Kalvøy til Ytterland, veg frå Hamnsund via Store Kalvøy til Kverve, veg frå Hamnsund direkte til Hella aust for Kverve på Ellingsøy og eit alternativ som går ut på å kople seg på Valderøytunnelen.

Lagt på is

– Men det siste alternativet er meir eller mindre lagt på is, mellom anna på grunn av motstand frå vegvesenet. Eg håper at vi i løpet av komande år klarer å kome dit at vi står att med berre eitt alternativ, seier Kjell Sandli som i dag ikkje vil seie noko om kva alternativ han trur er det beste.