Tala er baserte på landsgjennomsnittet av stemmer avlagt ved 391 vidaregåande skular som har vore påmelde skulevalet i år. Skulevalet svarer til fylkestingsvalet, og elevane kan stemme på parti som stiller liste i fylket som skulen vil tilhøyre 1. januar 2024.

Høgre får 8 prosentpoeng høgare oppslutning enn ved skulevalet før kommune- og fylkestingsvalet i 2019. Framstegspartiet går heile 11,4 prosentpoeng fram samanlikna med skulevalet for fire år sidan og pustar Høgre i nakken med 2,4 prosentpoeng lågare oppslutning.

Arbeidarpartiet fekk 26,5 prosents oppslutning blant elevane i 2019. Denne posisjonen har partiet ikkje behalde, men rasa ned til 17 prosents oppslutning, eit fall på heile 9,5 prosentpoeng. Senterpartiet får ei oppslutning på 6 prosent, mot 8,1 for fire år sidan.

Også Miljøpartiet Dei Grøne, som fekk heile 10,1 prosentpoeng ved valet i 2019, fell stygt i oppslutning frå skuleelevane i landet. Med berre 3,8 prosent av stemmene hamnar partiet under sperregrensa.

Venstre går 0,7 prosentpoeng tilbake samanlikna med resultatet frå 2019, og endar med 9,4 prosent av stemmene.

KrF hamnar under sperregrensa med 2,8 prosents oppslutninga, men det er likevel ei svak auka oppslutning på 0,5 prosentpoeng frå 2019.

Til saman har dei borgarlege partia 53,1 prosents oppslutning blant landet elevar i vidaregåande skule.

SV er det einaste partiet på venstresida som kan vise til framgang med 11,1 prosent av stemmene, mot 9,8 prosent i 2019.

Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er Frp valvinnaren med 40,5 prosent av stemmene. Høgre oppnår 14 prosent, medan Ap (12,1), SV (8,3), Venstre (8,2) følger bak.

Leiar i Sunnmøre FpU, Lars Barstad Løvold, seier at han måtte sjå på tala ein ekstra gong før han trudde på valresultatet.

– Eg trur dei unge har lyst på eit klart politisk skifte. Etter eit par år med raudgrønt styre, trur eg unge vil ha meir fridom, mindre skatt og meir makt over eigen kvardag, seier Løvold.

Han er framleis spent på det store valet, men seier han har tru på fleirtal i Ålesund om ein legg skulevalet og meiningsmålingane til grunn.

– No blir det siste innspurt i valkampen, og dette gav oss ein skikkeleg motivasjonsboost, seier Løvold.

Han håpar på høg valdeltaking blant dei unge.

Sjå tabellen for Møre og Romsdal under:

Tal for Møre og Romsdal. Foto: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør

Vestland

I Vestland fylke er Høgre størst med 22,8 prosent av stemmene. Frp (19), Ap (17,1), SV (10,6) og Venstre (7,3) kjem på plassane etter.

Tal for Vestland. Foto: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør