Predikanten frå Skodje, som også er dagleg leiar i North South Partnership Aid – ein veldedig organisasjon som har som føremål å bidra med hjelp til utvikling i Afrika, har nettopp kome heim frå ein 14 dagars tur til Kenya, og er full av entusiasme.

Sjå korpsvideo: Skodje-uniformar med nytt liv

Nedlagt misjonsstasjon

Barneheimen i Wema, som vert driven av den lokale lutherske kyrkja (Evangelical Lutheran Church of Kenya), er etablert på ein nedlagt misjonsstasjon som Norsk Luthersk Misjonssamband bygde opp for fleire år sidan.

Desse bygningane er ikkje veleigna til føremålet, og det er no utarbeidd planar for nybygg.

Tre nybygg

Gunnar Hamnøy fortel at det er ønske om å kunne byggje tre bustader kvar på 149 kvadratmeter, med ein kostnad per bustad på 215.000 kroner. Men pengane manglar, og Gunnar Hamnøy går no i gang med å skaffe finansiering.

– Kvart av husa vil ha seks soverom i kvar ende, altså plass til 12 born i kvart hus, og dette vil gje eit meir heimepreg, forklarar han.

Han har sett seg som mål at ein kan byggje dei to første bustadene først, og så det tredje etter ei tid. Samla er det snakk om ein kostnad på 645.000 kroner.

Gunnar Hamnøy fortel at ein har prosjektert bustader bygt av materialar med høg kvalitet.

Mange triste lagnader

Gunnar Hamnøy har sett mange triste lagnader under sitt besøk.

– Nesten alle foreldra til dei 21 borna som i dag bur på barneheimen, er døde av HIV/AIDS. Dette er ogs eit område med stor fattigdom og mykje sosial naud. Den lokale kyrkja har identifisert så mange som 50 foreldrelause born som har behov for hjelp, seier han.

Adoptivforeldre

Han er glad for det store engasjementet her heime, og fortel at det har lukkast å få tak i mange adoptivforeldre. Drifta av barneheimen vert i hovudsak finansiert av gåver og donasjonar.

Før ein går i gang med å reise nybygga, vonar Gunnar Hamnøy at det skal verte mogleg å betre vassforsyninga.

– I dag må vatnet berast lang veg, og dette er svært tungvint, seier han.

Bore etter vatn

Ein har fått løyve til å bore etter vatn, og dei 50.000 kronene som sjølve boringa vil koste, er på plass som følgje av ei gåve frå ein privatperson.

– Men vi treng meir pengar til utstyr som pumpe og rør, slik at vi får vatnet fram til bygningane, seier Hamnøy.

Eige korps

På turen til Kenya fekk Gunnar Hamnøy også tid til å ta turen innom vennskapsbyen til Skodje, Voi.

Der fekk han sjå og høyre at innsamlinga av utrangerte korpsuniformer og instrument har gitt resultat.

Eit eige korps har sett dagens lys, i regi av Africa Inland Church i Voi.

– Og det let svært bra, seier Gunnar Hamnøy.

Sjå korpsvideo: Skodje-uniformar med nytt liv

Primus motor. Gunnar Hamnøy har vore primus motor i arbeidet med å etablere ein barneheim i Vema. Han fortel om mykje fattigdom og stor sosial naud. Foreldra til flesteparten av borna som bur der er døde som følgje av HIV/AIDS.