Det er nødvendig med strakstiltak i Selvågtunnelen i Ulstein, slik at trafikantar ikkje får straum i seg ved berøring av naudstasjonar.

Saka kjem opp i plannemnd for samferdselsbygging tysdag 19. mai.

Samferdselssjef Arilf Fuglseth og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik foreslår omdisponering av investeringsmidlar.

Rehabilitering i 2018

Tunnelen ligg inne med midlar i 2018, og det er då snakk om ei rehabilitering light til 30 millionar kroner.

Det var Statens vegvesen som slo alarm.

Dei meiner det er absolutt nødvendig å gjere utbetringar som sikrar trafikantane.

Eigen kurs

Det er i denne omgang snakk om å skilje ut naudstasjonane på eigen kurs. Ein vil då sleppe å gjere den same jobben i samband med den større rehabiliteringa som er planlagt i 2018.

Framleis jordfeil

Men tunnelen vil framleis ha jordfeil på lysanlegg.

Samferdselssjefen rår til at dei skisserte strakstiltaka vert gjennomført i år, og at tiltaket vert finansiert gjennom mindreforbruk på avslutta prosjekt.