– Eg dreg tilbake fordi eg vil det. Eg føler i utangspunktet inga frykt, sjølv om det er ein viss risiko ved å dra dit. Men eg er villig til å ta den risikoen.

Leger Uten Grenser, hjelpeorganisasjonen som ho arbeider for, karakteriserer landet som epidemiens episenter.

Då Sunnmørsposten snakka med Overvoll tidlegare i sommar, hadde ho ikkje avgjort om ho skulle tilbake. Men ho kjenner ho må. I midten av august dreg ho til Sierra Leone.

Følg smp.no på Facebook

Dødstala stig

Sidan ho hadde sin første periode for å behandle ebolasmitta i Guinea i april, har situasjonen forverra seg dramatisk. Ifølgje Verdens helseorganisasjon har over 1.700 personar blitt smitta og over 900 menneske mista livet i ebolautbrotet i Vest-Afrika så langt. Dødstala stig.

Også helsearbeidarar har døydd av viruset. Ein amerikansk lege og ein misjonær er frakta til USA for behandling. Ho set sin lit til at apparatet rundt hjelpeorganisasjonen og eigen kunnskap om kva forholdsreglar ho bør ta, er nok til å beskytte henne mot smitten.

Manglar kunnskap

– Frykta for at ebolaen skal spreie seg er stor. Er det ein reell fare for at viruset òg kan kome til Europa?

– Det er ikkje opp til meg å vurdere eller uttale meg om det. Men reaksjonsmønsteret vårt i Vesten, er å lytte til myndigheiter og vi har ei grunnleggjande forståing for vestleg medisin. Sjansen for at ebola spreier seg i Europa, er liten.

Overvoll stadfestar at det er liten kunnskap om sjukdomen.

Fleste døyr

Når ein kjempar mot eit aggressivt virus det ikkje finst medisinar mot, må ein vere innstilt på at ein taper langt fleire gongar enn ein vinn.

– Det vi kan hjelpe til med, er å styrke immunforsvaret til den enkelte, slik at vedkomande kan kjempe i mot viruset. Vi sørgjer mellom anna for at dei er hydrerte, får næringsrik mat, omsorg og medisinar mot andre sjukdomstilstandar. Men dessverre er det mange sterke som heller ikkje overlever.

Glede og sorg

Først dag på jobb ved behandlingssenteret i Guinea, vart ei sterk oppleving for Overvoll. Ho gler seg over at ei gruppe pasientar verkar sterkare og forlèt sengene for å sitje ute. Overvoll pratar med Simone, som fortel at ho kjenner seg sliten.

Eit par timar seinare har Simone tapt kampen mot viruset. Og ein ungeflokk står brått utan mor si.

– Ein må vere budd på å møte vanskelege situasjonar både ute i felt og livet for øvrig, men det betyr ikkje at det ikkje er vondt når det skjer.

Kontrastane er store. På same tid får Overvoll og kollegaene ei positiv overrasking. Ei mor og døtrene på 12 og 18 år vert stadig sterkare.

– Mot alle odds bekjempa dei ebolaviruset. Dersom dei ikkje hadde kome til oss, hadde familien tatt seg av dei i tida dei var sjuke. Sjansen for at viruset hadde smitta langt fleire er svært stor.

<strong>Heime:</strong> I ferien samlar ho krefter heime på Stranda. Her er ho på fjelltur til Store Trolltind saman med familien. Foto: Svein Overvoll
<strong>Påfyll:</strong> Hovedgrunnen til at Sissel Overvoll om få dagar dreg til eit ebolaramma land for tredje gong i år, i staden for å gå rett attende til jobben ved Rikshospitalet i Oslo, er at ho har erfart at innsatsen til Leger Uten Grenser er livsnødvendig. Foto: Leger Uten Grenser
<strong>Omsorg:</strong> Etter ti dagar i isolasjon får Rose ein klem av Sissel Overvoll, som tok seg av henne då ho var pasient på behandlingssenteret i Guinea. Foto: Leger Uten Grenser