- Det inneber at skulerutene er borte, og ei følgje av det er også at enkelte treng lenger tid enn før for å kome seg på arbeid, seier rådgjevar Svein Ivar Aarskog i fylkeskommunen.

Fram

Nytt i år er at sommarrutene går under namnet Fram. Fram er det fylkeskommunale namnet på buss-og båtrutene som dei driv.

- Det er ikkje så bra med ruter som det burde vere; forklaringa på det er at fylkeskommunen ikkje har pengar til meir, men folk skal kome seg på arbeid sjølv om reisa tek lenger tid enn medan vinterrutene galdt, seier han.

Flybussen redusert

Også flybussen er redusert i samsvar med at det er færre flyruter om sommaren enn om vinteren.

Han har fått fleire innspel  både før dei nye rutene kom og etter, og han vil ha kommentarar frå folk flest slik at rutene frå 18. august vert så gode som råd.

Fylkeskommunen planlegg å opprette fleire  bussruter mellom Langevåg og Moa ved neste ruteendring.  Det vil seie at det vert omstiging på Moa for dei som skal til byen, men i rusjtidene skal Sulabussen køyre heile strekninga.

På bygdene vert det ingen endringar no, for der kom nye ruter 1. mai.