Ved lakseslakteriet til Marine Harvest på Eggesbønes har om lag 140 tilsette fått varsel om permittering frå 3. februar fordi det er dårleg råstofftilgang.

I samband med permitteringsprosessen har det kome fram at dei som er fast tilsette ikkje kan rekne med dagpengar.

– NAV meiner at vi burde lagt meir til rette for å sysselsetje folk heile året, mellom anna ved å planlegge slaktinga av fisk på ein annan måte, seier fabrikksjef Svein-Erik Nilsen ved Marine Harvest på Eggesbønes.

– Kva syns du om denne grunngjevinga?

– Eg forstår det ikkje. Uttaket av fisk frå anlegget har med biologien til fisken å gjere, og med andre forhold vi ikkje er herre over.

Råkar

Han meiner dessutan at praksisen til NAV råkar tilfeldig.

– Dei som er innleigde arbeidarar hos oss kan melde seg arbeidsledige, medan dei faste tilsette altså ikkje får dagpengar, seier Svein-Erik Nilsen.

Forbundssekretær Hans-Johan Dahl i Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbundet (NNN) seier at Marine Harvest ikkje er åleine.

– Det er fleire selskap som har permitteringar på gang, både i oppdrett og i pelagisk industri. Alle dei råka har fått avslag på dagpengar. Vi føler det har skjedd noko frå årsskiftet, som ikkje heng saman med endringar i regelverket, seier Dahl.

Også permitterte i andre delar av industrien har blitt nekta dagpengar.

– Vi fryktar at NAV har stramma inn regelverket, slik at dei som er i konjunkturutsette bedrifter vert handsama på same måten som bedrifter som opplever store sesongsvingingar, seier opplæringskoordinator Jan Tormodsæter i Maritim foreining for Søre Sunnmøre.

Foreininga har drøfta NAV-problema internt, og har kopla på både NHO og LO sentralt.

NAV

Direktør for NAV Forvaltning, Ellen Chr. Christiansen, svarar på vegner av NAV, og har gitt denne kommentaren på e-post.

– NAV har no spesialisert behandlinga av slike saker for å få ein så lik praksis som muleg over heile landet. I nokre fylke kan det bli opplevd som vi har stramma inn, i andre fylke kan det bli opplevd motsett. Permitteringar som skuldast endringar i rammevilkåra som arbeidsgjevar burde forutsjå, og kunne planlegge bemanninga etter, vil føre til avslag på søknad om dagpengar, uttalar NAV-direktøren.

<strong>Kritisk:</strong> Fabrikksjef Svein Erik Nilsen, ved Marine Harvest sitt lakseslakteri forstår ikkje grunngjevinga til NAV.