Dei fire samarbeidspartia vil endre tilskotsordninga slik at det blir enklare å bygge bruer og tunnelar for å erstatte ferjer på fylkesvegane.

Frp, Høgre, Venstre og KrF på Stortinget ønskjer at fylkesvegnettet skal få den same ferjeavløysningsordninga som riksvegnettet. Det vil seie at ferjetilskotet blir vidareført i minst 40 år når ein byggjer bru eller tunnel for å erstatte ei ferjerute.

Samarbeidspartia vil no be regjeringa om å legge til rette ei slik ordning.

Dermed er både Nordøyvegen og Sande Fastlandssamband sikra.

– Det er fantastisk kjekt at dei er blitt einige om dette, seier Bjørn Sandnes, styreleiar for Nordøyvegen AS.

– Dette er jo fantastisk. Dette betyr at etter mitt syn er all tvil fjerna for Sande Fastlandssamband, seier Sande-ordførar Dag Vaagen til Smp.no.

Vaagen hadde enno ikkje fått nyheita då Sunnmørsposten ringde han.

– Men så har eg i staden varsla dette på førehand, sjølv om ein ikkje føler seg trygg før det er bestemt, seier Vaagen.

Samarbeidspartia sitt vedtak betyr også ifølgje Vaagen at Rovdefjordbrua er finansiert eit godt stykke på veg.

Einige

Helge Orten (H) på Mørebenken er glad for å kunne presentere nyheita onsdag føremiddag.

– Dette er noko vi har jobba med lenge, sidan forvaltningsreforma i 2010. Fylka skal ikkje tape noko på å erstatte ferjer med bru eller tunnel, seier Orten til Smp.no.

– Er det teoretisk muleg at regjeringa seier nei til dette?

– Nei, dette er noko dei fire samarbeidspartia har gått saman og blitt einige om. Vi har bede regjeringa om å utrede korleis dette skal gjerast i praksis, seier Orten.

Løner seg å byggje

– Dette betyr at det vil løne seg for fylket å byggje Nordøyvegen, seier Oddbjørn Vatne, leiar av samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Vatne understrekar at han tar eitt atterhald: At fylka ikkje taper overføringar på å erstatte ferjer med bruer eller tunnel. Det kan Helge Orten på Mørebenken i Stortinget stadfeste.

– Føresetnaden er at i staden for at staten betaler for ferjer, så betaler vi for bruer eller tunnel, seier Orten.

– Dette vil dermed også leggje grunnlaget for fleire fjordkryssingar, seier Vatne og trekkjer særleg fram Rovdefjordbrua og Sande Fastlandssamband.

– Har tru på Nordvestlandet

– Dette er heilt fantastisk, seier styreleiar Magne Løvoll i Rovdefjordbrua AS.

– Dette er teikn på at dei som styrer vil vere med og vidareutvikle og fornye vårt distrikt, med ein mykje meir rasjonell transport av varer og tenester. Først går dei ut og seier at dei vil forbetre modellen, og så gjer dei det. Eg vil gje ein honnør til dei for å vere så raskt ute. Dette gir tillit til dei som styrer, seier Løvoll.

Kva år Rovdefjordbrua står klar vil Løvoll ikkje spekulere i no.

– Men ferjeavløysingsmidlar i 40 år vil gje eit verkeleg stort løft for finansieringa av brua. Vi har alltid meint at det tekniske er gjennomførbart men at det økonomiske kunne vere tungt. Dét letnar no i god monn, så klart. Vi er kjempefornøgde og takksame, seier Løvoll.

Berebjelke

Bjørn Sandes seier at berebjelken i finansieringa av Nordøyvegen no sikra. Om nokon framleis skulle tvile på Nordøyvegen, er det ingen grunn til det lenger. Dag Vaagen seier at Sande Fastlandssamband også er sikra, og Rovdefjordbrua er finansiert eit godt stykke på veg.

Det er enno ikkje klart når Stortinget vil gjere sitt vedtak om Nordøyvegen. Men det bekymrar ikkje Helge Orten (H).

– For Nordøyvegen sin del skal ikkje framdrifta vere noko problem, seier han.

Byggjestart neste år?

Bjørn Sandnes trur på byggjestart i 2015 for Nordøyvegen

– Vi satsar på byggjestart neste år. Det skal jo hentast inn prisar og anbod først. Om prisane blir høgare, vil vi få saka tilbake. Men eg trur at det er lagt inn marginar, og eg håper at kostnadene blir ein del lågare enn det som er kalkulert, seier Sandnes.

Det er 102 ferjesamband på fylkesvegnettet i Norge i dag. Mange av desse kan erstattast med bru eller tunnel. I Møre og Romsdal vil dette også gjelde den planlagde Langfjordtunnelen mellom kommunane Molde og Rauma.

Nordøyveg-leiaren er glad staten ser at det ikkje er ei god løysing å ha ferjer til evig tid.

– Fastlandssamband kuttar kostnadene, og er også betre for innbyggjarane, seier Sandnes.