Fem ferske lottomillionærar kunne innkassere 2,2 millionar kroner kvar laurdag kveld. Ein av dei heldige var ei kvinne frå Eid, i følgje Norsk Tipping.

Kvinna som vart lottomillionær nummer 5.000 var ei 32 år gammal kvinne frå Sandvika i Akershus, som kan sjå fram til ein litt spesiell tilleggspremie: Ein middag for ti personar med kokkane i The Flying Culinary Circus, heime i eiga stove.

Lønsamt å vere hyggeleg

Rausast var kanskje den ferske lottomillionæren frå Oslo, som hadde merka seg ei ekstra serviceinnstilt kassadame på Kiwi Mortensrud. Sjølv om det var stressande i butikken akkurat då han skulle levere sin 5-ukerskupong, var ho ekstra hyggeleg.

Og det kjem til å lønne seg: Mannen i 50-åra har nemleg lova ho ei gåve tilsvarande ei heil månadsløn.