Og kanskje blir dette den beste vêrdagen i vinterferien.

Vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg fortel at eit lågtrykk nærmar seg. Men at det ikkje blir spesielt mykje regn i dagane som kjem.

– Søndag blir det nok meir skyer. Kanskje litt regn, men det er ikkje sikkert det kjem noko som helst.

– Måndag og tysdag blir litt nedbør, men ikkje spesielt mykje.

I fjellet blir det snø. Men kor snøgrensa kjem til å gå, syns meteorologen er vanskeleg å antyde.

Onsdag ser det ut til at skydekket skal sprekke opp. Og neste helg ligg det an til opphaldsvêr.

Totalt sett blir det altså ei ganske roleg veke, seier meteorologen.