UP stoppa tysdag ein motorsykkel på Ørskogfjellet etter gjennomsnittsmåling av fart i 80-sona på E39.

– Motorsykkelen vart målt til å ha køyrd i 180 km/t. Den unge føraren erkjende køyringa og samtykka til beslag av førarkortet, skriv Møre og Romsdal politidistrikt.

Fartsmålinga blei registrert klokka 11.10 tysdag.

Motorsykkelen var modifisert, og vart derfor avskilta.

– Det var ein UP-patrulje som møtte motorsyklisten og snudde. Dei gjennomførte deretter ei snittmåling, opplyser operasjonsleiar Leif Arne Mork til Sunnmørsposten.

– Det handlar om ein ung førar som ikkje har all verda med erfaring i trafikken, så dette er veldig uforsvarleg. Det er sjeldan folk køyrer på ein slik måte, seier han.

Distriktsleiar i UP, Anders Sjøtrø, seier det er akkurat denne typen køyring dei fryktar akkurat no.

– No kjem sommardekka på bilane og motorsyklane blir tatt i bruk. Då får vi erfaringsmessig nokre slike tilfelle, dessverre. Det er trist å sjå at ungdommen utset seg for denne typen risiko. Samtidig er vi glade for at vi har patruljar som klarer å fange opp og får stoppa slik køyring, som heldigvis skjer uhyre sjeldan, seier Sjøtrø til Sunnmørsposten.