– Vi har eit meir robust samfunn no enn for 15 år sidan, men det skal bli spennande å sjå kva konsekvensar nedbemanning får for resten av samfunnet. Det er klart at det ikkje blir upåverka av dette, seier Ulstein-ordførar Jan Berset (H).

Han trekkjer fram at heile den maritime industrien blir ramma, fordi olje ligg i botnen for det meste av aktiviteten.

Fekk signal

Ulstein kommune veit lite om det som no skjer ved Rolls-Royce.

– Vi hadde eit møte med dei for eit halvt år sidan, der vi fekk signal om betydeleg omstilling. No har det kome fram litt om omfang, men korleis det vil slå ut for vår kommune, blir berre spekulasjonar, seier Berset.

Han skulle ønskje at kommunen hadde fått betre informasjon og kom tidlegare inn, men forstår også krava i ei stor internasjonal bedrift og at dette er krevjande.

Håpar

Rolls-Royce er elles ikkje einaste verksemda som kuttar i Ulstein for tida.

– Eg håpar og trur vi skal kome billig unna, men det er vanskeleg å seie. Det er spennande dagar. Det er ei stor omstilling som går føre seg, spesielt i den oljedrivne industrien, seier Berset og legg til:

– Vi må ikkje miste hovudet heilt. Det er litt dramatisk på kort sikt, men det er ikkje godt å spå korleis det blir på lenger sikt, seier Berset som også meiner storsamfunnet må trå til.

I staden for at det skal stå ledige i kø, må ein syte for å auke kunnskapen i alle ledd.

Meir uro

Nedgangstider er ikkje noko nytt i Ulstein, men Berset meiner å ane noko strukturelt i botnen som gjer at han føler meir uro enn før. Likevel trur han ein vil kunne sjå nytenking som skaper nye mulegheiter.

– Bedriftene legg ikkje ned, men vil leite etter nye mulegheiter. Dei må bruke nedgangstidene og førebu seg på å kome opp igjen, seier han.