Kvar gong dette forslaget har kome opp tidligare, har det vore nedstemt, og oppvekstkomiteen har vedteke med fem mot fire røyster at dei ikkje vil ha ei slik sak. Saka skal opp i kommunestyret denne veka.

Kommunen har i dag ein ungdomsskule på Valderøy og ein kombinert barne- og ungdomsskule på Godøy.

Følg smp.no på Facebook

Må investere

Assisterande rådmann Sindre Røsvik, skriv i saksutgreiinga at det er fleire faglege, pedagogiske og økonomiske grunnar til å samle ungdomsskulesteget på ein stad. Han vil at spørsmålet om nedlegging av ungdomssteget på Godøy og endring av opptaksområde bør verte handsama som ei sak.

På grunn av auken i elevtalet, må kommunen uansett bruke pengar på meir skulebygg på Valderøy og på Vigra skule.

Millionar å spare

Ei ungdomsskuleklasse kostar om lag ein million kroner i året å drive. Fram til 2023 er talet på klasser nokre år det same om ein har skule både på Godøy og Valderøy, men andre år sparer ein ei klasse og andre år to ved berre ein skulestad.

Kvaliteten på opplæringa ved dei to skulane er jamt god og resultata stort sett like gode, vert det opplyst i saka. Men rådmannen legg til at med ein skule går driftsutgiftene ned utan at kvaliteten gjer det same.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

I saka drøftar rådmannen fleire alternativ for meir plass til Valderøy ungdomsskule, og konkluderer med at det ideelle er å byggje på 500 kvadratmeter.

Men ledig plass i den gamle barneskulen kan brukast. Dersom alle ungdomsskuleelevane i Giske vert samla på Valderøy, vert det ledig plass ved Godøy skule og dermed kan dei leggje ned barneskulen på Alnes.

Høyring før vedtak

Ein ungdomsskule gjev meir rasjonell drift med større fagmiljø, breiare valfagstilbod og lik og betre dekning av lærarar med fagutdanning i alle fag. Det kostar mindre å styre ein enn to skular, og det gjev betre tilgang på helsesyster, sosiallærar, miljøpedagog og andre.

Dersom kommunestyret i Giske vedtek å leggje ned ungdomsskulen på Godøy og sentraliserer barneskulen på øya, må saka ut på høyring i krinsane før endeleg vedtak. Høyringstida er eit par månader.