Etter at Kvamsøy Helselag i helga starta ein underskriftskampanje mot ferja «Austevoll», flaggar no fleire av dei yngre sitt syn på den meir enn 30 år gamle ferja.

Ein av desse er Inger-Stine Brekke, initiativtakar til underskriftskampanjen på nett.

- Endeleg har vi fått ræva i gir, skriv Inger-Stine Brekke i ein e-post til Sunnmørsposten.

På litt over eit døgn hadde kampanjen på nett i overkant av 300 signaturar.

- Også underskriftkampanjen på papir har fått rundt 300 signaturar. Enkelte kan ha signert begge stader, men det har eg ikkje undersøkt, seier Brekke til Smp.no.

Ein god gammaldags underskriftskampanje i regi av Kvamsøy Helselag og Kari Ristesund er lagt ut på ferja og på daglegvarebutikkar i Sande og Vanylven.

Ber om eit ordentleg skift

I tillegg til underskriftskampanjen på nettet har initiavtivtakaren også skrive eit dikt for anledninga, der ho ber om eit ordentleg ferjeskift.

Planen er at  MF Austevoll skal inn på sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy frå 1. januar 2015. Dette har utløyst protestar i Sande kommune.

Ferjesambandet har fleire gonger hatt driftsstans, fordi det har vore for kraftig vind for dagens ferje, «Kvam», eller fordi denne ferja har fått motorstopp.

I periodar har «Austevoll» vikariert på sambandet. Innbyggjarane meiner det dermed er vist at ingen av ferjene er bygt for denne strekninga like nord for Stad.

Det var ved nyttår at Norled kunngjorde kva ferje som skal inn på samandet frå januar 2015.

Faksimile frå underskriftskampanjen mot bilferja Austevoll.