– Vi starta oppgraderinga av vegen øvst på fjellet ved Vonhytta og arbeider oss nedover, fortel Trygve Holm som er prosjektansvarleg saman med Ståle Vegsund.

Etter over 800 dugnadstimar i år, 150 000 kroner i eigne pengar, 330 000 kroner frå Gjensidigestiftinga og helikopterhjelp frå Knut Flakk, ligg den øvste delen av Vonløypa og blenkjer og tek i mot dei rundt 20 000 som går denne turen i året. Mange av dei er med og støttar med både små og store summar.

– Vi held på med å leggje eit grunnfjell for denne vegen. Det er god fundamentering og god grøfting, slik at det er berre grusing som må til for å halde den i topp stand vidare, seier Trygve Holm.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Tusenvis av timar

Her frå toppen er det utsyn til Langevåg, Borgundfjorden, Ålesund og endå lenger. Den som går opp hit får oversynet over byområdet.

Det var i 1995 at Reidar Andersen, Inge Rimstad og Trygve Holm byrja på dette storverket. I 1997 var første delen av turvegen ferdig og to år etter var det komne heilt til topps.

Så langt er det brukt tusenvis av dugnadstimar og eit par millionar innsamla kroner på vegen. Det var diskusjon om namnet burde vere fjelløypa, men det enda med Vonløypa etter namnet på lagshytta til Langevåg idrettslag.

Blåsvingen

I år har dei oppgradert i overkant av ein kilometer av løypa ned til Blåsvingen, og dei er alt i gang med neste steget.

– Vi skal ned til Gamlestølen med det arbeidet som er i gang, fortel Trygve Holm.

Han har greidd å få hjelp frå Sparebank 1 nordvest og kommunen og han håpar på at også Sparebanken Møre skyt til nokre kroner slik at dei kan byggje endå meir ferdig veg.

Midt i lia møter vi Bernt og Kenneth Sivertsvik som byggjer veg med gravemaskin og lastekøyretøy. Dei skal setje i stand rundt ein kilometer veg frå Blåsvingen og ned til Gamlestølen. Kenneth har hatt dette arbeidet på tilbod.

Følg smp.no på Facebook

Midt i lia står dette vegskiltet og her heng kassa med opplysningar om støtte.
Bernt og Kenneth Sivertsvik som er i gang med oppgradering av andre etappe i Vonløypa der Trygve Holm er drivkraft.