Kristendomen sin stilling i KRLE-faget i grunnskulen har vore tema på fleire politiske landsmøte denne våren. Den privateigde og kristne Møre barne- og ungdomsskule Skodje er mellom skulane som er utanfor denne debatten, nettopp på grunn av sin kristne formålsparagraf.

Eigen læreplan i kristendom

Skulen er eigd av Sunnmøre Indremisjon og er grunna på det kristne trus- og verdigrunnlaget. Skulen har sin eigen læreplan i kristendomsfaget, som er godkjent av Utdanningsdirektoratet.

– Skulen har hatt ein fin vekst sidan oppstarten hausten 2015, fortel rektor Ingrid Kvam Steinshamn.

– Første året var det 40 elevar som byrja ved skulen vår. Dette skuleåret har vi 60 elevar, og vi ventar at nærare 90 elevar vil gå hos oss frå hausten av, seier Steinshamn.

Skulen vil altså få ei meir enn dobling i elevtalet på to års drift. Dei held til i gamle Brusdalen skule, som vart lagt ned av Skodje kommune.

– Det er tydeleg at oppstarten av skulen kom på eit tidspunkt der folk ønskte dette, seier rektor Steinshamn.

Ho vart henta inn som rektor av foreldregruppa som tok initiativ til skulen, og har leia skulen heilt frå starten.

– Elevane våre kjem frå Skodje, Haram, Ålesund og Ørskog, seier Steinshamn.

– Bra miljø

Rebekka Magerholm og Elias Ekroll går i 8. klasse. Dei er begge på tampen av sitt andre år ved skulen, og skryt av miljøet.

– Vi opplever at lærarane har betre tid her, og at vi får meir hjelp. Det er færre elevar i klassa, seier dei begge.

– Kvifor valde de og foreldra ein privatskule?

– For oss var det at det er ein kristen skule, seier Rebekka.

Elias har same historie, og dei har begge alle sine sysken på skulen. Dei opplever at det er godt samhald mellom elevane, og dei trivast godt på skulen.

– Vi har ikkje angra på byttet. Skulemiljøet er veldig bra, seier dei begge.

Kjenner seg att

– Når vi forklarar skulekvardagen til foreldra opplever vi at dei kjenner seg mykje att i slik skulen var då dei gjekk der, fortel rektor Steinshamn.

Kristendomen er likevel tydeleg i skulekvardagen, noko også Utdanningsdirektoratet er opptekne av, og som er nettopp noko av det behovet som denne typen skular skal stette for foreldre og born som ynskjer det.

Rektor: Ingrid Kvam Steinshamn. Foto: jørn helge egset