Avisa Driva melder fredag at svelene snart er tilbake på sjølbetjeningsdisken om bord i MF «Solnør» på sambandet Kvanne - Rykkjem. Frå 9. februar vil Johansen Bakeri - som likevel har folk som reiser med ferja dagleg, sørgje for både sveler og baguettar som så blir satt fram på disken for sjølbetjeningssal, heiter det.

- Truga med å slutte

Medan administrerande ferjefører, Erling Aasbø seier til avisa at kundane har uttrykt sakn, etter at Fjord1 i fjor vår bestemte at det ikkje lenger skulle vere lov å drive sjølvbetjent kiosk om bord, og at det er dette som ligg til grunn for kuvendinga, har matros Kjell «Kjellen» Bigset ei litt anna forklaring på kva det er som ligg til grunn:

- Det er eg som har stått bak og pressa på. Faktisk truga eg med å seie opp jobben om ikkje svelene kom tilbake. Det kunne dei ikkje la skje - og snudde. Dette er ein stor siger. Ein stooor siger. Ikkje berre for dei reisande, men også for meg sjølv. Eg et 19 sveler om dagen. Dyna pleier ikke vere nedi for heile natta, seier han.

Sveler på privaten - med påhengsmotor som visp

- Lagar du sveler sjølv også?

- Visst gjer eg det. I staden for visp brukar eg påhengsmotor. Med litt motorolje i røra glir svelene betre gjennom kroppen. Slik held eg meg slank, ung og pen, fortel han.

Les også: Her blir det svele-stopp

Lattermild Fjord1-sjef

Smp.no har fredag kveld forsøkt å få på det reine om svelene kanskje også kjem tilbake på nokre av dei andre ferjesambanda som har «mista» svelene sine.

- Anar ikkje, er svaret frå ein særs lattermild adm. dir. i Fjord1, Dagfinn Neteland.

- Og ikkje klarar eg å finne det ut for deg no i kveld, heller. Men «Kjellen» likar eg godt. Få med det, ler han.

Følg smp.no på Facebook