Ein person måtte til legesjekk då «Ullensvang» krasja i kaia på Sulesund, onsdag. Fleire bilar dunka i kvarandre.
Ferje innstilt Sulesund-Hareid
No skriv Vikebladet at ein motor slo seg ut, og at ferja vart teken ut av drift på sambandet.
– I løpet av fredag vil det kome ei vikarferje for Ullensvang, skriv avisa.
Utåker i Norled opplyser at han trur Ullensvang kan vere tilbake i sambandet onsdag i neste veke. Ei vikarferje frå Molde vil kome, slik at det i løpet av fredag vert tre ferjer i Hareid - Sulesund igjen.