– Det kutta dei gjer no, er eit målretta ferjekutt. Vi la inn ekstra pengar fordi vi var spesielt bekymra for fylka, mellom anna til ferjer og hurtigbåt langs kysten for å binde Noreg saman. Bakgrunnen er at kostnadene for å drive ferjer har auka, seier Vedum (Sp) til NTB.

Onsdag la Høgre fram sitt alternative reviderte budsjett for 2023 – få timar etter at regjeringspartia og SV vart samde om budsjettet sitt.

Mellom anna kuttar Høgre 1,1 milliardar kroner i løyvingane til fyka.

– Heilt feil med kutt

– Vi er opptekne av at ferjene skal gå. Viss ein kuttar 1,1 milliardar kroner, så er alternativet å kutte ferjetilbodet, eventuelt skru opp prisane. Vi har meint at det er heilt feil og har innført gratis ferje på mange strekningar, seier Vedum.

Han påpeikar også at Høgre vil auke CO2-avgiftene med 150 millionar kroner i budsjettet sitt. Det vil gi auka pumpepris, seier Vedum.

Høgre har lenge kritisert regjeringa for å bruke for mykje oljepengar i budsjettet og legg sjølv opp til 5,2 milliardar kroner færre oljepengar samanlikna med det opphavlege forslaget frå regjeringa.

Lite imponert

Etter å ha sett Høgres forslag, er Vedum lite imponert.

– Høgre har drive og skrytt av at dei skal gjennomføre kutt. Dei som skal betale kutta, er ferjepassasjerane i landet. Vi la inn litt meir pengar til fylka enn kommunane, nettopp fordi vi såg auka kostnader på ferjer.

Han meiner Høgres alternative budsjett står i stil med den politikken Høgreleiar Erna Solberg hadde i regjering, og at ho ikkje var særleg oppteken av distrikta.

– Eg er heilt usamd med Erna Solberg i at ferjetilbodet er for bra, og at det bør kuttast, seier Vedum.

(©NPK)