Ingen skal vere skadd etter at politiet fredag kveld har gått til aksjon på Valderøy.

Fleire vitne har kontakta Sunnmørsposten om at dei ser politibilar i området. Eit vitne fortel at politiet var væpna med pistol og skjold.

Politiet sin operasjonsleiar, Magne Tjønnøy, stadfestar aksjonen overfor Sunnmørsposten. Nokre minutt seinare sa Tjønnøy til Smp.no at dei hadde kontroll over situasjonen, og at ingen er skadd.

Tjønnøy seier dei har tatt seg inn i eit hus etter tips.