Eigendelane etter konkursen i Stryn Sommarskisenter Eigedom er selt.

– Kjøparen har som intensjon å drive senteret vidare, opplyser advokat Jan Erik Mardal til smp.no.

Han vil ikkje opplyse kven kjøparen er, eller salssummen, men Idar Aaboen frå Skjå stadfester overfor avisa Fjordingen at han er kjøpar.

Sesongstart til våren

– Det stemmer. Eg fekk tilslaget på å kjøpe sommarskisenteret med servicebygg, heiser og installasjonar. Eg har med meg ein annan aktør, og vi kjem tilbake på eit seinare tidspunkt kven det er, seier han til avisa.

Aaboen, som har mange års erfaring nett frå sommarskisenteret, fortel vidare at det vert sesongstart til våren, så tidleg det let seg gjere i forhold til ver og vegforhold.

– No vonar vi å få tilbake nokre vintrar med godt gammaldags vestaver. Det gir skikkeleg med snø i fjellet og dermed betre vilkår for sommarski. Det hadde vore artig å sjå sommarskisenteret slik vi opplevde det på 90-talet. Både i form av snø og publikumsoppslutning, seier Aaboen til Fjordingen.

2,2 millionar uteståande

Dei pansette eigendelane vart selt på vegner av Sparebanken Vest etter ein bodrunde. Salet omfattar en trakkemaskin frå 2011, stolheisen, breheisen og servicebygg med aggregat og tekniske installasjonar.

Informasjonssjef Lars Ove Breivik i banken vil ikkje opplyse kva dei fekk betalt, men gir uttrykk for at dei sett pris på at det er ein kjøpar som vil halde fram drifta.

Sparebanken var desidert største kreditor med 2,2 millionar uteståande. Det er til saman meldt inn krav på 3,3 millionar kroner etter selskapet gjekk over ende  i september. Ifølgje berekningar frå bustyrar hadde eigendelane ein anteken verdi på om lag tre millionar kroner.

Bakgrunn: Skjebnedag for sommarskisenter

Mellom sommarskientusiastar har det vore frykta at anlegget vert slakta, og selt stykkevis og delt, men det vart altså ikkje resultatet.

Kasta korta

Driftsselskapet Stryn Sommarski vart tvangsoppløyst tidlegare i år, og eigedomsselskapet stod difor for drifta den rekordkorte sesongen i år.

Eigarane Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og Stryn kommune har ikkje ønskja å gå inn med meir pengar for å sikre drifta, og selskapet meldte oppbod i slutten av september.