Det er ikkje tvil om kva mennene rundt bordet meiner: Haram kan ikkje tvingast inn i nye Ålesund.

– Frp har i programmet sitt at folkeavstemmingar skal leggjast til grunn. Det gjeld visst ikkje lenger, seier Hallgeir Wuttudal.

– Vi har fått same diktaturet som i Russland, meiner ein.

Snart val

– Arbeidarpartiet får ta over, slik at vi får gjort om på tvangssamanslåinga, seier ein.

– Så då stemmer du kanskje dette partiet til hausten?

– Nei, ikkje Ap.

– Kva gjer de i staden?

– Drikk oss full, flirer dei.

Ikkje inneklemt

Så er det Sandøy som får gjennomgå.

– At Sandøy med knapt 1.300 innbyggjarar skal bestemme over Haram, når dei ikkje ein gong har hatt folkerøysting... Og at vi er inneklemt? Nei, det er berre å lette på dreggen så reiser dei, kjem det frå ein.

Wuttudal fortel at han gjennom jobben driv med plan- og reguleringsarbeid.

– Folk vil bli overraska over kor tungvint det kjem til å bli i byggesaker. Mi erfaring er at det er småkommunane, Sandøy og Haram, som er kjappast. I Ålesund går det mykje lenger tid, det mangedobbelte, det er mi erfaring i alle fall.

Tvang gir bismak

På nabobordet er meiningane heilt annleis.

– Eg har merka meg at næringslivet ønskjer vi blir større, slik at vi får betre infrastruktur. Det er næringslivet vi lever av, seier Hillbjørg Austbø.

Ho har opplevd tvangssamanslåing i jobben sin i Skatteetaten. Etter å ha jobba på kontora i Haram og i Sandøy, måtte dei til Ålesund.

– Det kom ikkje av seg sjølv, men samanslåinga med Ålesund gjekk berre fint. Det enda opp med å bli kjekt, seier Austbø.

– Men tvang gir alltid ein bismak, legg ho til.

– Kor sterk bismak, då?

– Det er gudskjelov ikkje eg som skal bestemme. Det er ikkje bra med tvang, det fungerer dårleg på folk.

Større: – Eg har merka meg at næringslivet vil at vi blir større, seier Hillbjørg Austbø (t.h), som gjerne går inn i ein storkommune. Synnøve Steffenssen Sauesund (t.v). Foto: Nils Harald Ånstad