Rederiforeninga har fredag si siste generalforsamling under namnet Aalesunds Rederiforening.

Ei  samanslåing med Sogn og Fjordane og Norsk Trålforening er på trappene. Det nye laget får namnet Fiskebåt Vest.

Avtroppande leiar Petter Geir Smådal frå Herøy opna møtet i Ålesund med å etterlyse meir forsking – først og fremst på makrell og samspelet med dei andre fiskeartane i Norskehavet. Tidlegare i år ga Det internasjonale havforskarådet (ICES) opp å gi kvoteråd for makrell neste år, på grunn av mangelfulle data. Havforskarane vedgjekk at makrellbestanden truleg er langt større enn det som ein har lagt til grunn med gamle metodar.

- Treng ikkje gigantbestand

- Med betre kunnskap hadde vi hatt ein annan situasjon på 2000-talet. Kvotane hadde truleg vore høgre og konfliktane med andre land hadde kanskje ikkje kome så lang som no, sa Petter Geir Smådal i sin opningstale.

Han etterlyste at det vert tatt andre omsyn enn biologiske i forvaltinga.

- Kanskje er det ikkje nødvendigvis det beste verken for silda eller næringa å prøve å dyrke fram ein gigantbestand på 10-12 millionar tonn, sa Smådal.

Stolar ikkje på staten

Han kommenterte og Volstad-dommen i Høgsterett, der fiskebåtreiar Eivind Volstad tapte med knapp margin.

- Dommen seier at vi ikkje kan stole på staten, og at vi faktisk må rekne med å bli lurte trill rundt av sjølvaste staten, sa Petter Geir Smådal.

Det dårleg veret får konsekvensar for møtet. Statssekretæren i Fiskeridepartementet, som skulle vere  ein av hovudtalarane, kjem seg ikkje til Ålesund.

Følg smp.no på Facebook