Statsadvokat Magne Nyborg ankar ikkje frifinninga av den tidlegare kjøkkensjefen ved Selje Hotel, melder NRK Sogn og Fjordane.

Mannen var tiltalt både for medverknad til brannstifting og for eit økonomisk forhold, men vart frifunnen i Sogn og Fjordane tingrett.

Nyborg har tidlegare signalisert at han ankar dommen mot styreleiaren ved hotellet. Også han vart frifunnen for brannstifting, men vart dømt for medverknad til økonomisk utruskap for nær 800.000 kroner. Dommen her var fengsel i eitt år, men sidan mannen var varetektsfengsla i 341 dagar, vart dommen rekna som ferdig sona.

Det er så langt ikkje på det reine om statsadvokaten også ankar dommen mot hotellsjefen.

Mannen har tilstått brannstifting og vart dømt til fem år og seks månader i fengsel. I retten skisserte forsvararen hans, advokat Per Kjetil Stautland, at tre og eit halvt år vil vere rett straff for det han har tilstått.

Tysdag ville Stautland ikkje uttale seg om eventuell anke, men viser til at fristen går ut onsdag.